Historia og historia om historia

1383507_10151890735785339_517742967_n

Det er ikkje berre å berre å vera vestlending. Det er ikkje berre berre å bera med seg alle traumene frå bedehuset og lekmannsrørsla. Det er ikkje berre berre å ha med seg bedehuset i bagasjen. Det er noko alle veit. Spesielt austlendingar. Og Bjørn Eidsvåg, då. Vi har ein tung arv å bera med oss, og vi har mykje å svara for, vi som av og til meiner vi hadde det ganske bra på bedehuset. Men det at vi hadde det bra på bedehuset betyr jo ikkje at vi på ein måte har stranda der. Mange av oss ser livet på bedehuset med eit skråblikk i dag, vi ler hjarteleg av Bjørn Eidsvåg og Svein Tindberg på teatret, men vi ler likevel av det på ein annan måte enn dei som ler av det fordi det framstår som tragisk. Vi ler av det fordi vi også er glade i det, det vekker gode minner. Eg er glad for å ha med meg bedehusarven. Det legg eg aldri skjul på. Men eg veit også betre enn dei som ikkje har vore ein del av det, at i enkelte lågkyrkjelege miljø kan ting vera verre enn ein liberal austlending er i stand til å forestilla seg. Mykje verre. Likevel ynskjer eg nyansane velkommen. Eg ynskjer at det går an å snakka om begge deler, både det gode og det nedbrytande. Livet og tilværet er heile tida i utvikling, dynamisk. Difor blir det som er for firkanta, anten det er konservativt eller liberalt, uinteressant. Vi må våga usemja, vi må våga nyansane.

 

Utan å vera klar over det har eg på eit vis sakna ein intellektuell analyse av og tilnærming til denne dynamikken. Gleda over, og erfaringa ved, å vera ein del av ei av dei mest sentrale rørslene i vår moderne historie, lekmannsrørsla, og samstundes grunnane til å sjå det på avstand og – i nokon tilfelle – ta avstand frå nokon av dei erfaringane vi har med oss. Eg har ønska at det skal analyserast av nokon som har med seg kjærleiken til det. Bjørn Eidsvåg har jo det, inst inne. Men analysen hans kan knapt kallast intellektuell. Men i dag fekk eg altså alt eg ikkje heilt visste at eg ønska meg. Eg var ikkje nødvendigvis einig i eitt og alt, men det var så nyansert, det eg høyrte. Det var Edvard Hoems foredrag i Holmen kyrkje 30. januar.

 

Foredraget var ei blanding av trushistoria og bakgrunnen til Eilert Knutson, hovudperson i Hoems bøker om utvandrarane til Canada, og Hoems eiga trushistorie. Men det mest interessante med foredraget var etter mi meining hans analyse av den norske lekmannsrørslas vandring frå Hauge og til i dag. Der kom det mange nyansar som eg ikkje har sett eller tenkt over. For ein ting er jo historia i seg sjølv. Men ein annan ting er jo historia om historia. For kva har eigentleg styrt vårt bilete av t.d. Hans Nielsen Hauge? Kven er det som har fortalt historia, forma ettertidas bilde av Hauge? I følgje Hoem er seks av sju Hauge-biografar menn. Kanskje vi skulle tillata oss å tenka at det sannsynlegvis har gjort noko med vårt bilde av denne mannen og den rørsla han skulle komma til å representera? Det har definitivt vore eit utval av Hauge-bilete som har blitt haldne levande for ettertida, konservert, så å seia, og så er det ein del bilete av han som har vorte gløymt. Hauge sa, i følgje Hoem, m.a. at folk ikkje måtte finna på å melda seg ut av den norske kyrkja. Det sa altså mannen som hadde prestane, kyrkja, overmakta og øvrigheta på nakken. Korleis tenker ein om det i dei lågkyrkjelege bedehusmiljøa i dag?

 

Kva er det, meir generelt sett, som skapar dei haldningar og idéar, forestillingar og bilete som vi lagar oss, som vi lever med og som vi lever etter? Det er eit særdeles interessant spørsmål enten vi snakkar om teologi, historie, psykologi, sosiologi eller kva det måtte vera. Men kanskje særskilt innanfor teologien er jo det maskuline preget sterkt og heng godt igjen, sjølv om vi snakkar 2018. Tolkingsmakta har lege hjå menn. Det er klart at det gjer noko med våre forestillingar. Det er klart at det gjer noko med korleis historia har blitt forvalta og fortalt, og ikkje minst korleis historia om historia ser ut.

 

Vi må alltid nyansera. Begge vegar. Det er ikkje feigt å nyansera. Det er ikkje farleg å vera usamd. Som Hoem sa, det går fint an å dela nattverdbord med all verdas folk som meiner heilt andre ting enn han sjølv. Deus semper major. Gud er alltid større.

 

Den sekulære verda som omgir oss meir og meir, utfordrar oss til å stå saman slik at vi som kristen kyrkje kan løfta fram det som er vår tru og vårt håp for denne verda: Ein frelsar som kom for å frigjera oss, for å gi oss håp;  håp om eit godt liv medan vi er her på jorda, for oss sjølv, og like mykje for andre, og håp om eit liv også etter dette livet. Eg tenker at vi i staden for å bruka energi på å vera usamde om enkeltvers i bibelen heller skal løfta blikket og sjå på den verda vi er ein del av, handla i den verda vi er ein del av, visa kjærleik i og til den verda vi er ein del av. Gud kallar oss til det. Han kallar oss ikkje til å krangla, men han kallar oss til å kjempa. Vi har eit ansvar som kyrkje. Og det er ansvaret for andre menneske. Og det er eit større ansvar enn å vera bekymra for enkeltvers i bibelen og tolkinga av dei. Det er ansvaret for vår neste.

 

DEN FATTIGE GUD

 

Eit lite barn voks opp til mann

og sa at han var Gud.

Han levde slik som andre, han

og såg heilt vanleg ut.

Hans rike låg langt borte frå

all sorg og vondskap i vår verd,

men enda bed han oss forstå

at det er inni oss det er.

 

Han sa: Ein fattig går forbi,

og det er meg du ser.

Men vi ser millionar, vi

i svoltens store hær.

Og når vi veit kva vi har gjort

mot alle desse dine små,

forstår du at vi snur oss bort

ifrå den Gud vi skulle sjå.

 

Men er det sant at dei som bur

i svolten kring vår jord

er Gud som menneske, da trur

vi og at du er stor.

Når svoltens hær frå land til land

bryt opp og krev ei anna verd,

vil vi forstå med vår forstand

kva for ein mektig Gud du er.

 

Edvard Hoem, 1983

 

 

 

About maritabjorkeadland

Sokneprest i Slemmestad og Nærsnes, tidlegare lektor ved Kristelig Gymnasium. Mann og tre barn. Glad i menneske, glad i livet og i alt som er fint og godt! Synes livet er ei herleg blanding av knallhard realitet og fantastisk mykje moro.
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

3 Responses to Historia og historia om historia

  1. Brit Bjørke says:

    Fantastisk lesnad! Så sant, så sant! Skulle gjerne høyrt Edvard Hoem. Veit du om han skal ha dette foredraget fleire stader? Pappen og eg var i Øystese og høyrde han fortelja Mors og fars historie. I fjor var eg i Nedre Eiker kirke på salmekveld med han. Fantastiske samlingar. Håpar eg får høyra han fleire gonger. Kan du fylgja litt med, du er så “oppi” det, du. Klem.

    Sendt fra min iPhone

    > Den 30. jan. 2018 kl. 22.59 skrev Om stort og smått : > > >

  2. John-Arve says:

    Spennende saker dette, Marita. Skulle gjerne hørt Hoem.
    Min fortelling om bedehusarven er blant annet at det var høyt under taket, en god vits slo alt, å le var naturlig. Hverdagskristendom, at Gud og frelsen hadde noe å si for livet hver dag var viktig for folkene der. De levde ut samsvar mellom liv og lære og delt sine skuffelser når det ikke gikk. Og – hos oss var det kvinnene som vare toneangivende. De sang høyest, de bestemte mye, de snakket tydeligst og lengst om Gud på vitnemøtet, og de motsa menn som ble vel luftige og hverdagsfjerne. De ba for alt og alle. Alle lyttet til Ingeborg og Petra. Alle visste at fru Eliassen var den som hadde den åpneste kanalen til Gud. Når fru Eliassen ba høyt steg himmelen ned. Jeg opplevde mange av menneskene som helstøpte, de var genuine i sin kristendom. Og de var alltid klar for en bedehusfest med drøy underholdning og Villa Farris. Dette er sett gjennom et barns øyne, og fortolket av en voksen, så slik er det historien om historien, ja.

    • Mykje godt og moro på bedehuset. Der er vi heilt samde! Men det var også eit alvor der med ganske streng regulering av kva som var lov og ikkje lov, kva damer kunne brukast til, og ikkje. Flott å høyra dine røynsler! Vi hadde utruleg mykje moro bl.a. på leirar på Helgatun. Det oppfatta eg som sunt og godt miljø. Så var det ulike organisasjonar og rørsler som delte på bedehuset, og det var no litt ymse der.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s