“Tapper kraft og hellig glede…”

 

20171230_163727

Biskop Per Arne Dahl

Før var det slik at nytt år var nye muligheter. Nytt år var svære greier, det var eksistensielt og det var verdt å tenka gjennom livet før ein la ut på reisa i eit nytt år. No er det meir slik at det nye året får meg til å tenka at det er for kvart år kjennest kortare  frå jul til jul. Sjølv eg, som synest livet med småbarn, med travle kvardagar og korte netter har vore eit slit (men sjølvsagt med mykje moro også), synest det går litt vel fort. Eg, som ofte har travelt med å komma meg til neste stasjon, synest toget kan gå litt saktare no. Barna glir ned frå fanget og ut i verda, og kjensla av at det er noko som ikkje kjem tilbake, kan til og med gi meg ein bitteliten sorgreaksjon.

Ved inngangen til eit nytt år er det likevel nokre tankar eg vil dela, som har vore ofte innom hjernebarken i året som ligg bak oss. Det er fellesskap, åpenhet og nåde.

Om vi skal sjå tilbake på livet vårt, er det menneska vi har møtt og vore saman med, som har forvandla liva våre, som har gitt det retning og meining. Difor må vi ta vare på fellesskapet, både i nær familie og i menighet, på jobben og i vennekretsen, dei gode fellesskapa der vi kan vera oss sjølve, der vi hentar krefter og der vi har det moro saman, der vi får brukt oss sjølv, der vi blir gitt og får ansvar. Eg trur felleskapet har ei framtid, som eit vern mot at vi blir oss sjølve nok. Fellesskapet har ein varme i seg, som ein ikkje kan finna andre stader. Det er eg heilt overbevist om. Finn deg eit fellesskap, om du ikkje allereie har eit.

Åpenhet er utruleg frigjerande. Om vi vågar å vera åpne, om vi vågar å visa litt av livet vårt til andre, så vil vi oppleva at mange andre har det slik som oss, mange kjenner på dei samme utfordringane og dei samme problema, på dei samme bekymringane og dei samme gledene. Åpenhet og fellesskap heng saman. Derfor skal du invitera inn på kaffi når nokon ringer på. Difor skal du våga å by på deg sjølv. For du får så masse tilbake. Og du gir så masse til andre.

Og så er det nåden. Sjølv om reformasjonsåret er over (kanskje heldigvis?) er det ein ting som står fast også i 2018; det er nåden. Den er brukande til så mangt. Vi kan for eksempel sjå på oss sjølve med nåde. Tenka at livet er meir enn korleis vi ser ut i spegelen. Livet er meir enn våre nederlag. Livet er meir enn det vi ikkje får til. Livet er også alt vi får til, så klart. Livet er mestring, arbeidsglede og gode dagar. Men i alt dette, både det gode og det krevande, treng vi Jesu kjærlege blikk på våre liv. For livet er også at vi er sett, avslørt og elska av Han som er nåden. Nåde er kvar einaste dag å møta dei du har rundt deg, med kjærleik. Det er ganske vanskelig. Derfor må vi øva oss på det. Og så er det å våga å tenka at det er nåden som ber oss uperfekte (og perfekte) menneske gjennom livet. Når vi lever i den vissheten, kan vi vera oppreiste menneske som kanskje også får utretta litt her i livet? Sett nokre spor? Gitt litt kjærleik vidare?

Fellesskap, åpenhet og nåde. Eit kinderegg som du kan ta med deg inn i det nye året og som gjer deg til den du skal vera: Elska og frigjort, oppreist og frimodig. Det får både du, dei du har rundt deg og Gud mest nytte av og glede av. God tur inn i Anno Domini 2018!

Herre over alle slekter, du som har et evig navn,

du som kjenner våre lengsler og som gransker våre savn,

gi vårt korte liv her nede tapper kraft og hellig glede,

evighet i tidens kår, du som blir når alt forgår.

Ronald Fangen, 1940

 

 

About maritabjorkeadland

Sokneprest i Slemmestad og Nærsnes, tidlegare lektor ved Kristelig Gymnasium. Mann og tre barn. Glad i menneske, glad i livet og i alt som er fint og godt! Synes livet er ei herleg blanding av knallhard realitet og fantastisk mykje moro.
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

1 Response to “Tapper kraft og hellig glede…”

  1. Unni Bjørke says:

    Åååååå kor fint!!! ❤ ❤

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s