Om tillit

IMG_20170831_104845_018

Den danske filosofen Løgstrup har sagt noko slikt som dette; «Man har aldri å gjøre med et annet menneske uten å holde en bit av dets liv i sine hender». Våre relasjonar bygger på tillit. Det må det gjera, enten vi liker det eller ikkje. Og ikkje berre i dei nære relasjonane, men også på andre arenaer. Vi må ha tillit til at tannlegen gjer jobben, til at flykapteinen fører oss trygt dit vi skal, og at NSB kjører når dei skal (ok, dårleg eksempel!), at naboen som barna våre er på besøk til, er grei med barna våre og at pengane vi gir på bøssa, går dit dei skal. På botnen av våre liv ligg det ein tillit til verden. Med den tilliten vågar vi å senda våre barn ut i verden. Med den tilliten vågar vi å stola på enkeltpersonar og system. Det verste for eit menneske er å leva i eit slags kafkask tilvære der vi ikkje kjenner reglane, der reglane blir endra heile tida, der vi ikkje anar kva det neste trekket er eller ikkje forstår samanhengar. Som menneske treng vi tryggleik og dermed tillit for å leva og veksa som frie menneske.

 

Så er det nokre område der tilliten er tynnsliten. Det kan ein t.d. kjenna på i valkampen. Men kvifor framstår Støre utan truverde i det han seier? Kvifor verkar det sannsynleg at Solberg meiner det ho seier? Og kva med han frå SP som alltid smiler, er det grunn til å stola på han? Eg trur det er god grunn til å stola på alle saman. Grunnen til at tilliten er tynnsliten, er kanskje at vi også i denne relasjonen har ein tredje part. Det er ikkje berre meg og Jonas, eg når ikkje fram til Erna og eg kan ikkje sjekka om Trygve har god humor. Sjølvsagt kan eg ikkje det. Men slik eg ser det, er den tredje parten som er litt av problemet; media. Som undervurderer oss veljarar og som får oss til, gjennom utallige fordummande tv-debattar, til å bli usikre, til å trekka motiv i tvil og til å vingla i valet. Sånn må det kanskje, til ei viss grad vera.

 

Og så er det andre relasjonar der vi ikkje har denne tredjeparten, der det er berre eg og den andre. Der eg kan nå fram, der eg kan stilla spørsmål og få svar. I slike relasjonar kviler det større ansvar på meg og korleis eg tilnærmar med denne parten. Skulen er t.d. ein slik arena. Og her er eg ved dagens poeng. I møte med skulen er det mange foreldre som trekker skulens og lærarens kompetanse i tvil, som ikkje anerkjenner lærarens pedagogiske og faglige kompetanse. Og då meiner eg ikkje at ein ikkje skal vera usamd i val skulen gjer (ja eller nei til iPad, til dømes), men eg meiner at ein generelt sett, i stort og smått må kvila i ei viss tillit til skulen, og det er nettopp denne tillita eg synes er meir fråverande i møte med skulen enn andre arenaer. Eg kan bli flau og tvinna tommeltottar på foreldremøte når eg høyer kva enkelte foreldre kan få seg til å seia, utan blygsel. Og så tenker eg også at vi som foreldre, med den kompetansen og dei jobbane og posisjonane vi har, skal vera medvitne om at det vi seier, og måten vi seier det på, har ein mottakar. Som foreldre held vi, som Løgstrup seier, også ein del av eit anna menneskets liv i våre hender. Dette livet er læraren. Det er eit menneske som står der bak kateteret, det er eit lærarhjarte som skal ta imot, og det er ikkje minst ein lærar som også gjennom relasjonen til oss foreldre, lærer noko om våre barn. Korleis snakkar vi om skulen? Kven heiar vi på heime? Barnet vårt eller læraren, individet eller fellesskapet? Kanskje skal vi også vera audmjuke for at det har skjedd eit par ting både i pedagogisk og anna fagleg forsking sidan vi gjekk på skulen? Kanskje skal vi kvila litt meir i tillit til at skulen veit kva dei gjer. Og kanskje skal vi kvila litt meir i tillit til at våre barn er sjølvstendige menneske, barn av si tid, som klarer å navigera i det samfunnet dei er ein del av utan at vi veit alt, utan at vi fylgjer med på alt, utan at vi sjekkar alt, kontrollerer alt, følger opp alt og kritiserer alt. Vi vil våre barn det beste. Det beste vi kan gi dei, er at vi sjølv er vaksne forbilder som framsnakkar lærarar, som har tillit til prioriteringar som skulen som fagleg instans gjer. Då får vi det mykje lettare og litt morsommare. Vi skal sjølvsagt følgja med, og vi skal sjølvsagt seia frå når noko ikkje er som det skal. Å velja å ha tillit er ikkje det same som å vera naiv. Mitt inntrykk er at mange foreldre tenker at «berre vi får sagt frå til skulen, så skjønnar dei nok at dei må gjera slik som vi tenker». Skulen er ein fagleg og pedagogisk arena, akkurat som andres arbeidsplass er ein fagleg arena innanfor det feltet ein jobbar. Vi foreldre, i våre jobbar, ønsker å bli møtt med tillit. Slik er det for læraren også. Skulen er avhengig av engasjerte foreldre, og skulen ønsker elevar som tenker kritisk. Men det er ulike måtar å tenka kritisk på, og det er definitivt ulike måtar å vera kritisk på.

 

Ein vår eg hadde VG1 i norsk, var det ein elev som rakk opp hånda på slutten av året og spurte; «Har vi egentlig lært det vi skal i år»? Eleven synest visst at vi hadde gjort mykje uviktig, som å gå på teater og kunstutstillingar. Eg konfronterte eleven med dette på ein elevsamtale, og han grunngav spørsmålet med at han hadde lært heime at han skulle stilla kritiske spørsmål. Vel, neste gong du går til legen, kan du jo seia; «veit du eigentleg kva du driv med»? Eg tar gjerne imot kritiske spørsmål, eg elskar diskusjon, og ingenting er som når Nora Helmer i Et dukkehjem blir gjenstand for diskusjon, eller når ein elev meiner at Bjørneboes «Vise om byens Hiroshima» er betre enn «Regn i Hiroshima» av Tarjei Vesaas. Når vi kan diskutera på eit fagleg nivå. Men når ein 16 åring rekker opp handa, utan blygsel, og spør om ein lærar med 10 års erfaring eigentleg har gjort jobben sin, då er det ikkje kritisk tenking eleven er opplært i der heime. Det han er opplært til, er manglande tillit til skulesystemet, foreldre som ukritisk tar parti med sitt barn og som også, utan blygsel, snakkar ned skule og lærarar, gjerne mens barna høyrer på. Så mitt råd er, neste gong poden kjem heim og klagar og syt, så skal du som foreldre seia. «Jaja, dei veit vel kva dei driv med, og det går som oftast bra». Sei det i alle fall av og til. Så blir foreldremøta kortare, lærarane gladare og stemninga meir positiv. La oss kvila i ei slags grunnleggande tillit til at nokon kan, nokon veit og at nokon vil oss og våre barn det beste. For kanskje, i botnen av denne frykta for å kvila i tillit, ligg nok kjærleiken til våre barn og frykta for den dagen som kjem, då dei – med god bagasje frå både heim og skule – slepp taket i oss. Det går ofte bra.

Ja visst gör det ont

Ja visst gör det ont när knoppar brister.

Varför skulle annars våren tveka?

Varför skulle all vår heta längtan

bindas i det frusna bitterbleka?

Höljet var ju knoppen hela vintern.

Vad är det för nytt, som tär och spränger?

Ja visst gör det ont när knoppar brister,

ont för det som växer

och det som stänger.

 

Ja nog är det svårt när droppar faller.

Skälvande av ängslan tungt de hänger,

klamrar sig vid kvisten, sväller, glider  –

tyngden drar dem neråt, hur de klänger.

Svårt att vara oviss, rädd och delad,

svårt att känna djupet dra och kalla,

ändå sitta kvar och bara darra  –

svårt att vilja stanna

och vilja falla.

 

Då, när det är värst och inget hjälper,

Brister som i jubel trädets knoppar.

Då, när ingen rädsla längre håller,

faller i ett glitter kvistens droppar

glömmer att de skrämdes av det nya

glömmer att de ängslades för färden  –

känner en sekund sin största trygghet,

vilar i den tillit

som skapar världen.

Karin Boye

 

 

About maritabjorkeadland

Sokneprest i Slemmestad og Nærsnes, tidlegare lektor ved Kristelig Gymnasium. Synes livet er ei herleg blanding av knallhard realitet og fantastisk mykje moro.
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a comment